12 Rubens-sønene og Gads-sønene og halve Manasse-ætta fór fullt budde føre dei andre israelittane, som Moses hadde sagt dei.
13 Om lag førti tusen velvæpna menn drog fram for Herrens åsyn til strid på Jeriko-moane.
14 Den dagen laga Herren det så at israelittane fekk stor vørdnad for Josva. Så lenge han levde, hadde dei like stor age for han som dei hadde hatt for Moses.
15 Herren sa til Josva:
16 «Sei til prestane som ber lovkista, at dei skal stiga opp or Jordan.»
17 Og Josva sa til prestane: «Stig opp or Jordan!»
18 Med det same prestane som bar Herrens paktkiste, steig opp or elva og sette foten på turt land, vende vatnet attende til det gamle lægjet sitt og gjekk over breddene alle stader, som det før hadde gjort.