5 og sa til dei: «Far føre paktkista åt Herren dykkar Gud til de kjem midt ut i Jordan! Der skal de ta kvar sin stein på aksla, etter talet på Israels-ættene.
6 Det skal vera eit minnesmerke hjå dykk. Når borna dykkar sidan spør: Kva tyder desse steinane?
7 skal de svara: Vatnet i Jordan kløyvde seg framfor Herrens paktkiste. Då ho kom ut i elva, kløyvde det seg. Og desse steinane skal vera eit evig minne om det for israelittane.»
8 Israelittane gjorde som Josva sa. Midt uti Jordan tok dei tolv steinar, etter talet på Israels-ættene, så som Herren hadde sagt til Josva, bar dei med seg til den staden dei skulle vera om natta, og la dei ned der.
9 Og midt i Jordan, der dei prestane som bar paktkista, stod, reiste Josva tolv andre steinar. Dei har stått der til denne dag.
10 Prestane som bar paktkista, vart ståande midt i Jordan til det var gjort, alt det som Herren hadde sagt til Josva at han skulle tala til folket om, i samsvar med alle dei føresegner som Moses hadde gjeve Josva. Så skunda folket seg over.
11 Og då alle var komne vel fram, gjekk prestane føre folket med Herrens paktkiste.