2 Då sa Herren til Josva: «Sjå, no gjev eg Jeriko med kongen og dei djerve krigarane hans i di hand.
3 Lat alle stridsmennene gå kring byen ein gong om dagen; så skal de gjera i seks dagar.
4 Og sju prestar skal gå framføre paktkista, kvar med sitt stridshorn. Men den sjuande dagen skal de gå sju gonger kring byen, og prestane skal blåsa i horna.
5 Så skal dei blåsa ein lang tone, og når de høyrer denne hornlåten, skal heile folket setja i eit sterkt krigsrop. Då skal muren ramla ned, så folket kan gå rett inn i byen.»
6 Då kalla Josva Nunsson prestane til seg og sa til dei: «Ta paktkista og lat sju prestar gå framføre Herrens kiste med kvar sitt stridshorn!»
7 Og til folket sa han: «Ta i veg og gå kring byen! Dei væpna mennene skal gå framføre Herrens kiste.»
8 Då Josva hadde sagt dette til folket, gjekk dei av stad, dei sju prestane som bar kvar sitt horn for Herrens åsyn. Dei bles i horna, og Herrens paktkiste fylgde etter.