6 Då kalla Josva Nunsson prestane til seg og sa til dei: «Ta paktkista og lat sju prestar gå framføre Herrens kiste med kvar sitt stridshorn!»
7 Og til folket sa han: «Ta i veg og gå kring byen! Dei væpna mennene skal gå framføre Herrens kiste.»
8 Då Josva hadde sagt dette til folket, gjekk dei av stad, dei sju prestane som bar kvar sitt horn for Herrens åsyn. Dei bles i horna, og Herrens paktkiste fylgde etter.
9 Dei væpna mennene gjekk føre prestane som bles i horn, og dei som var attarst i flokken, fylgde etter kista, og horna ljoma alt i eitt.
10 Men Josva sa til folket: «De må ikkje ropa og ikkje gje lyd frå dykk. Ikkje eit ord må koma frå munnen dykkar før eg seier: Ropa no! Då skal de ropa.»
11 Så lét han dei bera Herrens paktkiste kring byen éin gong. Sidan drog dei inn i leiren og var der om natta.
12 Morgonen etter stod Josva tidleg opp, og prestane tok Herrens kiste mellom seg.