16 Morgonen etter stod Josva tidleg opp og lét Israel stiga fram, ætt for ætt. Og Juda-ætta vart utteken.
17 Så lét han ættgreinene i Juda stiga fram, og Serah-greina vart utteken. Så lét han Serah-greina stiga fram, huslyd for huslyd, og Sabdis huslyd vart utteken.
18 Til sist lét han Sabdis huslyd stiga fram, mann for mann, og Akan vart utteken. Han var son til Karmi, som var son til Sabdi og soneson til Serah av Juda-ætta.
19 Då sa Josva til Akan: «Son min, gjev Herren, Israels Gud, ære og pris! Sei meg kva du har gjort, og døl ikkje noko for meg!»
20 Akan svara: «Det er sant. Eg har synda mot Herren, Israels Gud. No skal eg seia kva eg har gjort:
21 Mellom hærfanget såg eg ei fin babylonsk kappe, to hundre sekel sølv og ei gullstong som vog femti sekel. Dette fekk eg hug på, og så tok eg det. Det ligg nedgrave under teltet mitt; sølvet ligg underst.»
22 Då sende Josva nokre menn av stad. Dei sprang bort til teltet; der fann dei det nedgrave, og sølvet låg underst.