1 Så sa Herren til Josva: «Ver ikkje redd, og miss ikkje motet! Ta med deg heile hæren og gjer deg ferdig til å gå mot Ai! Sjå, eg gjev kongen i Ai i dine hender, og folket og byen og landet hans.
2 Gjer med Ai og kongen der som du gjorde med Jeriko og kongen der. Men hærfanget og feet kan de ta sjølve. Lat nokre av mennene dine leggja seg i bakhald på vestsida av byen!»
3 Då gjorde Josva seg ferdig til å fara opp mot Ai med heile hæren. Han valde ut tretti tusen mann, djerve krigarar, og sende dei av stad om natta.
4 Han sa til dei: «Legg dykk i bakhald på vestsida av byen, ikkje langt frå han, og hald dykk budde, alle saman!