20 Best som mennene frå Ai snudde seg, vart dei var røyken som steig til vers frå byen. Men dei såg seg inga råd til å koma unna, korkje hit eller dit. For den flokken som hadde rømt ut i øydemarka, vende seg no mot forfylgjarane.
21 Då Josva og alle israelittane såg at dei som låg i bakhald, hadde teke byen, og at røyken steig opp, snudde dei om og slo mennene frå Ai.
22 Samstundes kom dei som hadde teke byen, ut imot dei, så mennene frå Ai fekk israelittane mot seg på to kantar. Og dei vart nedhogne til siste mann; ingen vart att, og ingen slapp unna,
23 så nær som kongen i Ai. Han tok dei levande til fange, og dei førte han til Josva.
24 Då israelittane hadde drepe alle Ai-buane som hadde sett etter dei ut i øydemarka, og fiendane var falne for sverd alle som ein, då vende israelittane attende til Ai og hogg ned dei som var der.
25 Den dagen fall det i alt tolv tusen, både menn og kvinner, alle som budde i Ai.
26 Josva tok ikkje til seg handa som han rette ut spydet med, før han hadde bannstøytt alle Ai-buane.