6 Då kjem dei til å setja etter oss så langt at vi får lokka dei bort frå byen. For dei tenkjer med seg at vi rømer for dei som vi gjorde førre gongen. Og medan vi rømer,
7 skal de koma fram frå bakhaldet og ta byen. For no vil Herren dykkar Gud gje han i hendene dykkar.
8 Og når de har teke byen, skal de setja eld på han. De skal gjera som Herren har sagt. Dette byd eg dykk.»
9 Så sende Josva dei i veg, og dei gjekk av og la seg i bakhald mellom Betel og Ai, vestanfor Ai. Sjølv var Josva hjå folket den natta.
10 Morgonen etter stod Josva tidleg opp og mønstra hæren. Så fór han og dei eldste i Israel føre hæren opp til Ai.
11 Alle krigarane som var med han, tok i veg og drog fram til dei hadde byen midt for seg. Der slo dei leir nordanfor Ai, så det var ein dal mellom dei og byen.
12 Så tok Josva om lag fem tusen mann og la dei i bakhald mellom Betel og Ai, vestanfor Ai.