7 skal de koma fram frå bakhaldet og ta byen. For no vil Herren dykkar Gud gje han i hendene dykkar.
8 Og når de har teke byen, skal de setja eld på han. De skal gjera som Herren har sagt. Dette byd eg dykk.»
9 Så sende Josva dei i veg, og dei gjekk av og la seg i bakhald mellom Betel og Ai, vestanfor Ai. Sjølv var Josva hjå folket den natta.
10 Morgonen etter stod Josva tidleg opp og mønstra hæren. Så fór han og dei eldste i Israel føre hæren opp til Ai.
11 Alle krigarane som var med han, tok i veg og drog fram til dei hadde byen midt for seg. Der slo dei leir nordanfor Ai, så det var ein dal mellom dei og byen.
12 Så tok Josva om lag fem tusen mann og la dei i bakhald mellom Betel og Ai, vestanfor Ai.
13 Og då dei hadde fylka hæren, både den flokken som låg i leir nordanfor byen, og den som låg vestanfor byen, gjekk Josva ned i dalen om natta.