1 Alle kongane som budde vestanfor Jordan, i fjellbygdene, i Sjefela og langsmed heile havstranda opp mot Libanon, hetittane, amorittane, kanaanearane, perisittane, hevittane og jebusittane, fekk høyra om det som hadde hendt.
2 Då samla dei seg alle som ein og ville strida mot Josva og israelittane.
3 Folket i Gibeon fekk òg høyra kva Josva hadde gjort med Jeriko og Ai.
4 Då greip dei til ei list: Dei gjekk bort og tok seg ferdakost, og på esla sine la dei gamle sekker og utslitne vinhiter, som var både sprokne og bøtte.
5 Dei hadde gamle, lappa skor på føtene og fillete klede på kroppen; og alt nistebrødet deira var turt og smuldra.