14 Då tok mennene og smaka på nista deira; men dei spurde ikkje Herren til råds.
15 Og Josva gjorde fred og pakt med dei og lova at dei skulle få leva. Og leiarane i folket gjorde eid på det.
16 Men tre dagar etter at dei hadde gjort pakt med Gibeon-buane, fekk dei vita at dei høyrde heime i grannelaget og budde tett attmed dei.
17 Då tok israelittane ut, og tredje dagen kom dei til byane deira. Det var Gibeon, Kefira, Be’erot og Kirjat-Jearim.
18 Men dei slo ikkje i hel folket der, sidan leiarane hadde gjeve dei ein lovnad og svore ved Herren, Israels Gud. Då murra heile folket mot leiarane.
19 Men alle leiarane tala til folket og sa: «Vi har gjeve dei ein lovnad og svore ved Herren, Israels Gud, og no kan vi ikkje leggja hand på dei.
20 Høyr kva vi vil gjera med dei! Vi vil spara livet deira og ikkje bryta den eiden vi svor dei. For då kallar vi Guds harme ned over oss.