1 Sjå, han som ber ¬gledebod,kjem springande over fjell ¬med bodskap om fred.Hald dine høgtider, Juda,og gjer det du har lova!For aldri meir ¬kjem valdsmannen mot deg,heilt utrudd er han.
2 Når ein som vil driva deg bort,dreg fram imot deg,hald då vakt i borga,og hald utkikk langs vegen!Spenn beltet fast om livet,ta deg saman og ver sterk!
3 – Herren skal atterreisa ¬Jakobs stordomog Israels velde.For ransmenn har rana deiog lagt deira vinhagar aude. –
4 Krigarane har raudmåla skjold,stridsmennene er kledde ¬i skarlak.Stålet på vognene logarnår han fylkar dei til strid,og hestane fer uroleg av stad.
5 Gjennom gatene ¬rasar vognene fram,over torga fer dei ¬i susande fart.Dei ser ut som faklar,fer att og fram som lyn.
6 Stormennene vert kalla fram;dei snåvar i farten,men stormar mot muren,og skjoldtaket vert reist.
7 Portane mot elva ¬vert slegne inn,og borga skjelv ¬i sine grunnvollar.