3 – Herren skal atterreisa ¬Jakobs stordomog Israels velde.For ransmenn har rana deiog lagt deira vinhagar aude. –
4 Krigarane har raudmåla skjold,stridsmennene er kledde ¬i skarlak.Stålet på vognene logarnår han fylkar dei til strid,og hestane fer uroleg av stad.
5 Gjennom gatene ¬rasar vognene fram,over torga fer dei ¬i susande fart.Dei ser ut som faklar,fer att og fram som lyn.
6 Stormennene vert kalla fram;dei snåvar i farten,men stormar mot muren,og skjoldtaket vert reist.
7 Portane mot elva ¬vert slegne inn,og borga skjelv ¬i sine grunnvollar.
8 Dei steller henne fram,kler av henne ¬og fører henne bort.Jentene hennar ¬vert drivne av stad;dei klagar som duerog slår seg for brystet.
9 Ninive liknar ein damsom vatnet renn utor.Dei ropar: «Stogga! Stogga!»Men ingen kjem att.