7 Portane mot elva ¬vert slegne inn,og borga skjelv ¬i sine grunnvollar.
8 Dei steller henne fram,kler av henne ¬og fører henne bort.Jentene hennar ¬vert drivne av stad;dei klagar som duerog slår seg for brystet.
9 Ninive liknar ein damsom vatnet renn utor.Dei ropar: «Stogga! Stogga!»Men ingen kjem att.
10 Rana sølv, rana gull!Her er rikdom utan ende,ei mengd ¬med allslags dyre ting.
11 Tomt og audt og plyndra!Redde hjarto, vaklande kne,alle hofter skjelv,kvart andlet er eldande raudt.
12 Kvar er løvehiet, ¬hola åt ungløvene,der løve og løvemor gjekk,og ingen skræmde løveungen?
13 Løva røva det ungane trong,ho drap for løvinnene,fylte sine hi med rovog sine holer med fengd.