1 Eg vil ikkje, brør, at de skal vera uvitande om dette: Fedrane våre i øydemarka var alle under skya, og gjekk alle gjennom havet.
2 Alle vart døypte til Moses i skya og i havet,
3 og alle åt dei den same åndelege maten
4 og drakk den same åndelege drikken. For dei drakk av det åndelege berget som fylgde dei; og berget var Kristus.
5 Likevel hadde ikkje Gud hugnad i dei fleste av dei, for dei vart nedslegne i øydemarka.
6 Desse hendingane peikar fram mot vår tid; dei skal læra oss at vi ikkje skal ha lyst til det vonde, liksom dei hadde.