1. Korintar 16 N78NN

Innsamling til kyrkjelyden i Jerusalem

1 Når det gjeld innsamlinga til dei heilage, skal de gjera det på same måten som eg gav påbod om til kyrkjelydane i Galatia.

2 Fyrste dagen i veka skal kvar av dykk leggja til sides heime hjå seg sjølv det han får lukke til, så innsamlinga ikkje skal ta til fyrst når eg kjem.

3 Når eg så kjem, skal eg senda dei som de har valt til det, med brev, og dei skal føra gåva dykkar til Jerusalem.

4 Og skulle det syna seg best at eg òg reiser, kan dei fara saman med meg.

Nokre ord til slutt og helsingar

5 Eg kjem til dykk når eg har vore i Makedonia; for Makedonia skal eg gjennom.

6 Men hjå dykk vert eg nok verande ei tid, kanskje vinteren over. Så kan de rusta meg ut til ferda vidare, kvar ho så går.

7 Denne gongen vil eg ikkje koma til dykk berre for nokre dagar, men eg vonar å kunna stogga ei tid, om Herren gjev meg lov.

8 I Efesos vil eg drya til pinse.

9 Her står døra vidopen for meg til ei rik verksemd, og det er mange motstandarar.

10 Når Timoteus kjem, må de syta for at han kan kjenna seg trygg hjå dykk. Han gjer Herrens gjerning liksom eg.

11 Difor skal ingen sjå ned på han. Hjelp han i veg, og lat han fara med fred, så han kan koma til meg. Eg og brørne ventar på han.

12 Når det gjeld Apollos, bror vår, har eg bede han inderleg at han må fara til dykk saman med dei andre brørne. Men han er slett ikkje viljug til å reisa no; han kjem så snart han får høve til det.

13 Ver vakne, og stå faste i trua! Ver djerve og sterke!

14 Lat alt de gjer, gå føre seg i kjærleik!

15 Endå ein ting legg eg dykk på hjarta, brør. De veit at huslyden til Stefanas var dei fyrste som vart vunne i Akaia, og at dei har vigt seg til å tena dei heilage.

16 De òg må retta dykk etter slike som dei, og etter kvar medarbeidar som gjer si gjerning.

17 Eg gleder meg over at Stefanas og Fortunatus og Akaikus er komne. Det har vege opp saknet av dykk.

18 For dei har sett nytt mot både i meg og dykk. Menn som dei skal de syna vørdnad.

19 Kyrkjelydane i Asia helsar dykk. Akvilas og Priska og kyrkjelyden som samlast heime hjå dei, helsar dykk hjarteleg i Herrens namn.

20 Alle brørne her sender si helsing. Helsa kvarandre med ein heilag kyss!

21 Eg, Paulus, skriv mi helsing med eiga hand.

22 Om nokon ikkje elskar Herren, han vere bannstøytt! Marana ta!

23 Herren Jesu nåde vere med dykk!

24 Min kjærleik er med dykk alle i Kristus Jesus.

Kapitler

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16