1. Korintar 4 N78NN

Tenesta til apostlane

1 Så skal de då halda oss for Kristi tenarar og hushaldarar over Guds løyndomar.

2 Og av hushaldarar krevst det at dei er true.

3 Men for meg har det ingen ting å seia om eg vert dømd av dykk eller av nokon menneskeleg domstol i det heile. Ja, eg dømer ikkje meg sjølv eingong.

4 Rett nok veit eg ikkje av å ha gjort nokon urett; men dermed er eg ikkje frikjend. Herren er den som dømer meg.

5 Døm difor ikkje før tida, før Herren kjem. Han skal føra fram i ljoset det som er løynt i mørkret, og avsløra det menneska ber i hjarta. Då skal kvar og ein få si ros av Gud.

6 No, brør, har eg bruka meg sjølv og Apollos til døme for dykkar skuld. For eg vil de skal læra av oss at de ikkje må gå ut over det som er skrive, så ingen skal blåsa seg opp og ta parti for den eine mot den andre.

7 Kven seier at du står over andre? Kva har du som du ikkje har fått? Og har du fått noko, kvifor skryter du då, som om du ikkje hadde fått det?

8 Men de er alt mette. De har alt vorte rike, ja, de har alt vorte kongar. Vi er det ikkje. Eg skulle ynskja at de alt var kongar, så vi kunne styra saman med dykk!

9 For eg tykkjer at Gud har gjeve oss apostlar den ringaste plassen. Vi har vorte som dødsdømde, vi har vorte eit skodespel for verda, både for englar og for menneske.

10 Vi er dårar for Kristi skuld. De er dei kloke kristne. Vi er veike, de er sterke. De får ære, vi får skam.

11 Til denne dag har vi mått tola både svolt og torste; vi vantar klede, vert slegne, dreg heimlause ikring frå stad til stad,

12 og vi strevar for å livberga oss med det vi gjer med våre hender. Vi velsignar når vi vert utskjelte; vi held ut når vi vert forfylgde,

13 og vi svarar venleg når nokon spottar oss. Vi har vorte som utskot i verda, som verdlaust skrap for alle – til denne dag.

14 Eg skriv ikkje dette for å føra skam over dykk, men eg vil visa dykk til rettes sidan de er mine kjære born.

15 For om de som kristne har tusen lærarar, har de ikkje mange fedrar. Det var eg som vart far dykkar i Kristus Jesus då eg gav dykk evangeliet.

16 Så legg eg dykk på hjarta: Ta meg til førebilete!

17 Og difor var det eg sende Timoteus til dykk, den kjære og trufaste son min i trua på Herren; han skal minna dykk om mine vegar i Kristus Jesus, såleis som eg lærer alle stader i kvar kyrkjelyd.

18 Nokre av dykk har blåse seg opp fordi dei trur at eg ikkje kjem att.

19 Men eg kjem snart, om Herren vil. Då får eg læra å kjenna, ikkje orda, men krafta hjå desse oppblåsne folka.

20 For Guds rike er ikkje ord, men kraft.

21 Kva vil de? Skal eg koma til dykk med ris eller med kjærleik og ein mild hug?

Kapitler

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16