23 Alt har eg lov til, men ikkje alt gagnar. Alt har eg lov til, men ikkje alt byggjer opp.
24 Ingen må søkja sin eigen bate, men det som batar den andre.
25 Alt som vert selt på torget, kan de eta med godt samvit utan å spørja om det er offerkjøt.
26 «For jorda og alt det som fyller henne, høyrer Herren til.»
27 Om ein vantruande bed dykk til seg, og de gjerne vil gå, så et med godt samvit alt som vert sett fram for dykk, utan å spørja etter.
28 Men seier nokon til dykk: «Dette er offerkjøt», så et det ikkje – for hans skuld som sa det, og for samvitet skuld.
29 Og då meiner eg hans samvit, ikkje ditt. For kvifor skal min fridom dømast av annan manns samvit?