18 For det fyrste høyrer eg at det er usemje mellom dykk når de samlast i kyrkjelyden, og eg trur at det er noko i det.
19 For det må vera serflokkar hjå dykk, så det kan verta klårt kven det er som held mål.
20 Når de då kjem saman, er det ikkje Herrens måltid de held.
21 For når de held måltid, sit kvar og ein med sin eigen mat, og den eine er svolten, medan den andre fyller seg.
22 Kan de ikkje eta og drikka heime? Eller vanvørder de Guds kyrkjelyd og lèt dei skjemmast som ingenting har? Kva skal eg seia til dette? Skal eg rosa dykk? Nei, for dette rosar eg dykk ikkje.
23 For eg har fått frå Herren det som eg har overgjeve dykk:Den natta Herren Jesus vart sviken, tok han eit brød,
24 takka og braut det og sa: «Dette er min lekam som er for dykk. Gjer dette til minne om meg!»