6 Vil ikkje ei kvinne ha noko på hovudet, kan ho like godt klyppa håret av seg! Men sømer det seg ikkje for ei kvinne å klyppa eller raka håret av seg, då må ho ha hovudbunad.
7 Mannen skal ikkje ha noko på hovudet, for han er Guds bilete og ære. Men kvinna er mannens ære.
8 For mannen vart ikkje til av kvinna, men kvinna av mannen.
9 Mannen vart heller ikkje skapt for kvinna skuld, men kvinna for mannen skuld.
10 Difor skal kvinna, for englane skuld, ha hovudbunad til eit teikn på mynde.
11 Men i Herren er ikkje kvinna noko utan mannen, og mannen er heller ikkje noko utan kvinna.
12 For liksom kvinna vart til av mannen, så vert mannen fødd av kvinna; men alt er av Gud.