14 For lekamen er heller ikkje ein lem, men mange.
15 Om foten ville seia: «Fordi eg ikkje er hand, høyrer eg ikkje med til lekamen», så høyrer han like fullt med til lekamen.
16 Og om øyra ville seia: «Fordi eg ikkje er auga, høyrer eg ikkje med til lekamen», så høyrer det like fullt med til lekamen.
17 Dersom heile lekamen var auga, kvar vart det då av høyrsla? Dersom alt var høyrsle, kvar vart det då av luktesansen?
18 Men no har Gud gjeve kvar einskild lem sin plass på lekamen, så som han ville det.
19 Dersom dei alle var éin lem, kvar vart det då av lekamen?
20 Men no er det mange lemer, men berre ein lekam.