2 De veit at då de var heidningar, vart de dregne til dei mållause avgudane og førte hit og dit.
3 Difor kunngjer eg dykk at ingen som talar i Guds Ande, seier: «Forbanna er Jesus!» Og ingen kan seia: «Jesus er Herre!» utan i Den Heilage Ande.
4 Det er skil på nådegåver, men Anden er den same.
5 Det er skil på tenester, men Herren er den same.
6 Det er skil på kraftige verknader, men Gud er den same, han som verkar alt i alle.
7 Hjå kvar einskild gjev Anden seg til kjenne, så det vert til gagn.
8 Ved Anden vert det gjeve den eine å forkynna visdom; ein annan får ved den same Ande å tala kunnskap.