24 dei andre treng det ikkje. Men Gud har sett lekamen såleis saman at han gav det ringaste størst ære,
25 så det ikkje skal vera strid i lekamen, men at lemene skal ha same omsut for kvarandre.
26 For om ein lem lid, så lid alle dei andre med. Og om ein lem vert æra, gleder alle dei andre seg.
27 Men de er Kristi lekam, og kvar av dykk ein lem på han.
28 I kyrkja har Gud for det fyrste sett nokre til apostlar, for det andre profetar, for det tredje lærarar, så mektige gjerningar, nådegåver til å lækja, hjelpetenester, styringsoppgåver, tungetale av ulikt slag.
29 Er vel alle apostlar? Er alle profetar? Er alle lærarar? Gjer alle mektige gjerningar?
30 Har alle nådegåve til å lækja? Talar alle i tunger? Kan alle tyda tungetalen?