12 Sameleis er det med dykk: Når de legg slik vekt på åndsgåvene, så søk å verta rike på gåver som byggjer kyrkjelyden!
13 Difor skal den som talar i tunger, be om at han må kunna tyda det.
14 For om eg bed når eg talar i tunger, så bed mi ånd, men vitet har ikkje nytte av det.
15 Kva så? Eg vil be med ånda, men eg vil òg be med vitet. Eg vil lovsyngja med ånda, men eg vil òg lovsyngja med vitet.
16 For om du lovar Gud i di ånd, korleis kan då ein som er til stades og ikkje skjønar dette, seia «Amen» til di takkebøn? Han veit ikkje kva du seier.
17 Du held nok ei god takkebøn, men ingen annan vert oppbygd av det.
18 Eg takkar Gud; eg talar meir i tunger enn nokon av dykk.