16 For om du lovar Gud i di ånd, korleis kan då ein som er til stades og ikkje skjønar dette, seia «Amen» til di takkebøn? Han veit ikkje kva du seier.
17 Du held nok ei god takkebøn, men ingen annan vert oppbygd av det.
18 Eg takkar Gud; eg talar meir i tunger enn nokon av dykk.
19 Men når kyrkjelyden er samla, vil eg heller tala fem ord med vitet, så andre kan læra noko, enn tusenvis av ord i tunger.
20 Brør, ver ikkje uvituge som born! I vondskap skal de vera born, men i vit skal de vera fullvaksne.
21 Det står skrive i lova:Gjennom folk med anna språkog med framandt tungemålskal eg tala til dette folket;men endå vil dei ikkje høyra ¬på meg,seier Herren.
22 Så er då tungetalen eit teikn, ikkje for dei truande, men for dei vantruande. Men profettalen er eit teikn for dei truande, ikkje for dei vantruande.