28 Er det ingen som kan tyda, skal den som talar i tunger, teia i kyrkjelyden. Han kan tala for seg sjølv og for Gud.
29 To eller tre kan tala profetisk, og dei andre skal prøva det som vert sagt.
30 Men får ein annan ei openberring medan han sit der, skal den fyrste teia.
31 For de kan alle tala profetisk, men berre ein om gongen, så alle kan læra og alle få påminning.
32 Profetar har herredøme over åndene som talar i dei.
33 For Gud er ikkje uordens Gud, men freds Gud. Liksom i alle kristne kyrkjelydar
34 skal kvinnene teia i kyrkjelydsamlingane. Dei har ikkje lov til å tala; dei skal underordna seg, så som lova seier.