32 Profetar har herredøme over åndene som talar i dei.
33 For Gud er ikkje uordens Gud, men freds Gud. Liksom i alle kristne kyrkjelydar
34 skal kvinnene teia i kyrkjelydsamlingane. Dei har ikkje lov til å tala; dei skal underordna seg, så som lova seier.
35 Men vil dei ha greie på noko, så lat dei spørja mennene sine heime. For det sømer seg ikkje for ei kvinne å tala i kyrkjelyden.
36 Var det kanskje frå dykk Guds ord gjekk ut, eller er det berre til dykk det er kome?
37 Trur nokon at han er profet eller åndsfylt, så må han skjøna at det eg skriv til dykk, er eit Herrens bod.
38 Den som ikkje godtek dette, vert sjølv ikkje godteken.