7 Sameleis er det med livlause ting som gjev lyd, anten det er ei fløyte eller ein sitar. Dersom det ikkje er skilnad på tonane deira, korleis kan ein då skjøna det som vert spela?
8 Og om ein stridslur gjev uklår lyd, kven bur seg då til strid?
9 Såleis er det med dykk òg: Brukar de ikkje tunga til å tala tydelege ord, korleis kan ein då skjøna det som vert sagt? Då talar de bort i veret.
10 Så mange språk det måtte finnast i verda, alle har dei si meining.
11 Kjenner eg ikkje språket, vert eg ein framand for den som talar, og den som talar, vert ein framand for meg.
12 Sameleis er det med dykk: Når de legg slik vekt på åndsgåvene, så søk å verta rike på gåver som byggjer kyrkjelyden!
13 Difor skal den som talar i tunger, be om at han må kunna tyda det.