31 Ja, eg døyr kvar dag, brør, så visst som det er dykk eg kan rosa meg av i Kristus Jesus, vår Herre.
32 Var det berre med von for dette livet eg stridde mot villdyr i Efesos, kva hadde det gagna meg? Dersom dei døde ikkje står opp att, så «lat oss eta og drikka, for i morgon døyr vi»!
33 Far ikkje vilt! «Låkt lag øyder gode seder.»
34 Vakna retteleg opp og synda ikkje! For somme av dykk kjenner ikkje Gud. Til skam for dykk må eg seia det.
35 Men no kunne einkvan seia: «Korleis står dei døde opp; kva slag lekam har dei?»
36 Du uvituge menneske! Det du sår, vert ikkje til nytt liv utan at det døyr.
37 Og det du sår, er ikkje det akset som veks opp, men eit nake korn, anten det er av kveite eller av anna såkorn.