34 Vakna retteleg opp og synda ikkje! For somme av dykk kjenner ikkje Gud. Til skam for dykk må eg seia det.
35 Men no kunne einkvan seia: «Korleis står dei døde opp; kva slag lekam har dei?»
36 Du uvituge menneske! Det du sår, vert ikkje til nytt liv utan at det døyr.
37 Og det du sår, er ikkje det akset som veks opp, men eit nake korn, anten det er av kveite eller av anna såkorn.
38 Men Gud lèt det få den skapnad som han har vilja, kvart slag korn sin eigen skapnad.
39 Ikkje alt kjøt er av same slag. Det er eitt slag kjøt i menneske, eitt i fe, eitt i fugl, eitt i fisk.
40 Og det finst himmelske lekamar og jordiske lekamar; ein glans har dei himmelske, ein annan dei jordiske.