1 Då eg kom til dykk, brør, forkynte eg ikkje Guds vitnemål med meisterskap i talekunst eller visdom.
2 For eg ville ikkje vita av noko anna hjå dykk enn Jesus Kristus og han krossfest.
3 Veik, redd og skjelvande var eg mellom dykk.
4 Og det var ikkje med overtalande argument og visdomslære eg bar fram ordet og bodskapen, men med provføring av Ande og kraft.
5 For eg ville ikkje at trua dykkar skulle byggja på menneskevisdom, men på Guds kraft.
6 Likevel forkynner vi òg ein visdom, for dei som er mogne. Det er ein visdom som ikkje høyrer denne verda til eller herrane i denne verda, dei som går til grunne.
7 Nei, vi talar Guds visdom, som er ein løyndom; han var duld, men før tidene tok til, hadde Gud fastsett at den skulle føra oss fram til herlegdomen.