4 Når ein seier: «Eg held meg til Paulus» og ein annan: «Eg til Apollos», er de ikkje då som alle andre menneske?
5 Kva er vel Apollos? Og kva er Paulus? Tenarar som hjelpte dykk til tru! Begge gjorde vi det Herren hadde sett oss til.
6 Eg planta, Apollos vatna; men Gud gav vokster.
7 Så er dei ikkje noko, korkje den som plantar eller den som vatnar, men Gud som gjev vokster.
8 Den som plantar og den som vatnar, er eitt; men dei skal få løn, kvar etter sitt eige arbeid.
9 For vi er Guds medarbeidarar; de er Guds åkerland, Guds bygning.
10 Etter den nåde Gud har gjeve meg, har eg lagt grunnvoll som ein klok byggmeister; og andre byggjer oppå. Men kvar må sjå til korleis han byggjer.