6 Eg planta, Apollos vatna; men Gud gav vokster.
7 Så er dei ikkje noko, korkje den som plantar eller den som vatnar, men Gud som gjev vokster.
8 Den som plantar og den som vatnar, er eitt; men dei skal få løn, kvar etter sitt eige arbeid.
9 For vi er Guds medarbeidarar; de er Guds åkerland, Guds bygning.
10 Etter den nåde Gud har gjeve meg, har eg lagt grunnvoll som ein klok byggmeister; og andre byggjer oppå. Men kvar må sjå til korleis han byggjer.
11 Ingen kan leggja ein annan grunnvoll enn den som alt er lagd, Jesus Kristus.
12 Men om nokon byggjer på denne grunnvollen med gull, sølv, dyre steinar, tre, høy eller halm,