1 Når ein av dykk har sak mot ein bror, korleis kan han då våga å leggja henne fram for heidningar og ikkje for dei heilage?
2 Veit de ikkje at dei heilage skal døma verda? Og dersom verda skal dømast av dykk, er de ikkje då verdige til å døma i dei minste saker?
3 Veit de ikkje at vi skal døma englar? Då må de kunna døma i saker som har med dette livet å gjera.
4 Men når de har slike saker, korleis kan de då setja folk som kyrkjelyden ser ned på, til domarar?