6 Nei, bror fører sak mot bror, og det for vantruande domarar.
7 Det er i det heile eit nederlag for dykk at de har rettssaker med kvarandre. Kvifor lid de ikkje heller urett? Kvifor lid de ikkje heller tap?
8 Men de gjer urett og lèt andre lida tap – og det jamvel brør.
9 Veit de ikkje at dei som gjer urett, ikkje skal arva Guds rike? Far ikkje vilt! Korkje horkarar, avgudsdyrkarar, ekteskapsbrytarar, eller menn som ligg med menn eller lèt seg bruka til dette,
10 korkje tjuvar, pengekjære, drikkarar, spottarar eller ransmenn skal arva Guds rike.
11 Somme av dykk var ein gong slike. Men de har late dykk vaska, de er helga, ja, rettferdige for Gud i Herren Jesu Kristi namn og ved vår Guds Ande.
12 Alt har eg lov til, men ikkje alt gagnar. Alt har eg lov til, men eg skal ikkje la noko få makt over meg.