9 Veit de ikkje at dei som gjer urett, ikkje skal arva Guds rike? Far ikkje vilt! Korkje horkarar, avgudsdyrkarar, ekteskapsbrytarar, eller menn som ligg med menn eller lèt seg bruka til dette,
10 korkje tjuvar, pengekjære, drikkarar, spottarar eller ransmenn skal arva Guds rike.
11 Somme av dykk var ein gong slike. Men de har late dykk vaska, de er helga, ja, rettferdige for Gud i Herren Jesu Kristi namn og ved vår Guds Ande.
12 Alt har eg lov til, men ikkje alt gagnar. Alt har eg lov til, men eg skal ikkje la noko få makt over meg.
13 Maten er til for magen og magen for maten; men Gud skal gjera ende på dei begge. Lekamen er ikkje for hor; han er for Herren, og Herren er for lekamen.
14 Gud reiste Herren opp frå dei døde, og ved si kraft skal han òg reisa oss opp.
15 Veit de ikkje at lekamane dykkar er Kristi lemer? Skal eg då ta Kristi lemer og gjera dei til skjøkjelemer? Langt ifrå!