1 Når det gjeld det de skreiv om, så er det godt for ein mann at han ikkje rører ei kvinne.
2 Men for at de ikkje skal driva hor, skal kvar mann ha si kone og kvar kvinne sin mann.
3 Mannen skal gjera sin skyldnad mot kona, og like eins kona mot mannen.
4 Kona rår ikkje over sin eigen kropp, men mannen. Like eins rår ikkje mannen heller over sin eigen kropp, men kona.