1 Når det gjeld det de skreiv om, så er det godt for ein mann at han ikkje rører ei kvinne.
2 Men for at de ikkje skal driva hor, skal kvar mann ha si kone og kvar kvinne sin mann.
3 Mannen skal gjera sin skyldnad mot kona, og like eins kona mot mannen.
4 Kona rår ikkje over sin eigen kropp, men mannen. Like eins rår ikkje mannen heller over sin eigen kropp, men kona.
5 Hald dykk ikkje frå einannan utan at de har vorte samde om det, for ei tid, så de kan leva i bøn. Kom så saman att, for at Satan ikkje skal freista dykk, av di de ikkje kan vera fråhaldande.
6 Dette er meint som eit løyve, ikkje som eit påbod.