19 Det har ikkje noko å seia om ein er omskoren eller ikkje, men om ein held Guds bod.
20 Kvar og ein skal verta verande i det kall han hadde då han vart kalla.
21 Var du træl då du vart kalla? Ta ikkje det så tungt! Men kan du verta fri, så vel heller det.
22 For den som var træl då Herren kalla han, han er Herrens frigjevne. På same måte har den som var fri mann då han vart kalla, vorte Kristi træl.
23 De er kjøpte, og prisen er betalt. Så vert ikkje trælar for menneske.
24 Ja, brør, kvar og ein skal verta verande i det stand han var i då han vart kalla, og han skal vera der for Gud.
25 Om dei ugifte har eg ikkje noko bod frå Herren. Men eg seier mi meining, sidan eg av Herren har fått miskunn til å vera tru.