21 Var du træl då du vart kalla? Ta ikkje det så tungt! Men kan du verta fri, så vel heller det.
22 For den som var træl då Herren kalla han, han er Herrens frigjevne. På same måte har den som var fri mann då han vart kalla, vorte Kristi træl.
23 De er kjøpte, og prisen er betalt. Så vert ikkje trælar for menneske.
24 Ja, brør, kvar og ein skal verta verande i det stand han var i då han vart kalla, og han skal vera der for Gud.
25 Om dei ugifte har eg ikkje noko bod frå Herren. Men eg seier mi meining, sidan eg av Herren har fått miskunn til å vera tru.
26 På grunn av den trengselstida vi lever i, meiner eg at det er godt for eit menneske at det vert verande ugift.
27 Er du bunden til ei kone, så prøv ikkje å verta fri. Er du ikkje bunden, så prøv ikkje å finna deg ei kone.