30 dei gråtande som om dei ikkje gret, dei glade som om dei ikkje gledde seg, dei som kjøper noko, som om dei ikkje åtte det,
31 og dei som brukar det som er i verda, som om dei ikkje bruka det. For denne verda, slik ho er, går under.
32 Eg vil at de skal vera utan suter. Den ugifte har omsut for det som høyrer Herren til, korleis han kan vera Herren til hugnad.
33 Men den som er gift, har omsut for det som høyrer verda til, korleis han kan vera kona til hugnad;
34 og så vert hugen delt. Den ugifte kvinna og den unge jenta har omsut for det som høyrer Herren til, så dei kan vera heilage både på lekam og sjel. Men den gifte kvinna har omsut for det som høyrer verda til, korleis ho kan vera mannen til hugnad.
35 Dette seier eg fordi eg vil dykk vel. Eg vil ikkje setja ei snare for dykk, men eg vil de skal leva sømeleg og halda dykk trufast til Herren utan at noko dreg dykk bort.
36 Om nokon trur at han ikkje kan vera i lag med jenta si på sømeleg vis, fordi han er i si fulle kraft, då skal han, når så må vera, gjera som han vil: Lat dei gifta seg, han syndar ikkje med det.