32 Eg vil at de skal vera utan suter. Den ugifte har omsut for det som høyrer Herren til, korleis han kan vera Herren til hugnad.
33 Men den som er gift, har omsut for det som høyrer verda til, korleis han kan vera kona til hugnad;
34 og så vert hugen delt. Den ugifte kvinna og den unge jenta har omsut for det som høyrer Herren til, så dei kan vera heilage både på lekam og sjel. Men den gifte kvinna har omsut for det som høyrer verda til, korleis ho kan vera mannen til hugnad.
35 Dette seier eg fordi eg vil dykk vel. Eg vil ikkje setja ei snare for dykk, men eg vil de skal leva sømeleg og halda dykk trufast til Herren utan at noko dreg dykk bort.
36 Om nokon trur at han ikkje kan vera i lag med jenta si på sømeleg vis, fordi han er i si fulle kraft, då skal han, når så må vera, gjera som han vil: Lat dei gifta seg, han syndar ikkje med det.
37 Men den som står fast i det han har sett seg føre og ikkje er under tvang, men har herredøme over viljen sin og har teke den avgjerda å la jenta vera som ho er, han gjer vel i det.
38 Så gjer den rett som gifter seg med jenta si, og den som ikkje gifter seg, gjer betre.