6 Dette er meint som eit løyve, ikkje som eit påbod.
7 Eg skulle ynskja at alle var som eg. Men kvar har si eiga nådegåve frå Gud, den eine så, den andre så.
8 Til dei ugifte og til enkjene seier eg: Det er godt for dei om dei vert verande som eg.
9 Men kan dei ikkje vera fråhaldande, så får dei gifta seg. For det er betre å gifta seg enn å brenna av lyst.
10 Dei som er gifte, byd ikkje eg, men Herren: Ei kone skal ikkje skilja seg frå mannen sin.
11 Men om ho skil seg, skal ho leva ugift, eller semjast med mannen. Og ein mann skal ikkje skilja seg frå kona si.
12 Til dei andre seier eg – dette er mine ord, ikkje Herrens: Om ein kristen bror har ei vantruande kone, og ho samtykkjer i å bu saman med han, skal han ikkje skilja seg frå henne.