8 Men mat fører oss ikkje nærare Gud. Vi vinn ikkje noko om vi et, og taper ikkje noko om vi ikkje et.
9 Men sjå til at den fridomen de her har, ikkje fører dei veike til fall!
10 Om nokon ser at du som har kunnskap om dette, sit til bords i eit avgudstempel, vert ikkje då samvitet åt den veike påverka, så han et offerkjøt?
11 Då går den veike fortapt på grunn av din kunnskap, ein bror som Kristus døydde for.
12 Men når de såleis syndar mot brørne og sårar det veike samvitet deira, syndar de mot Kristus sjølv.
13 Dersom mat fører bror min til fall, då vil eg i all æve ikkje eta kjøt! For eg vil ikkje føra bror min til fall.