1 Er eg ikkje fri? Er eg ikkje apostel? Har eg ikkje sett Jesus, vår Herre? Er ikkje de mitt verk i Herren?
2 Er eg ikkje apostel for andre, så er eg det i alle fall for dykk. For de er seglet på apostelembetet mitt i Herren.
3 Dette er mitt forsvar mot dei som dømer meg.
4 Har ikkje vi òg rett til å få mat og drikke?
5 Har ikkje vi òg rett til å ha med oss ei truande kone, liksom dei andre apostlane og Herrens brør og Kefas?
6 Er det berre eg og Barnabas som ikkje har rett til å sleppa å arbeida?
7 Kven er soldat på eigen kostnad? Kven plantar ein vingard utan å få eta av frukta? Eller kven gjæter ein buskap utan å drikka av mjølka frå denne buskapen?