12 Om andre har denne retten hjå dykk, skulle ikkje vi ha han endå meir? Men vi har ikkje nytta denne retten. Vi finn oss i alt, så vi ikkje skal leggja noko hinder for Kristi evangelium.
13 Veit de ikkje at dei som gjer teneste i templet, lever av det som kjem inn til templet, og at dei som tener ved altaret, får sin del av det som vert ofra?
14 På same måten har Herren fastsett at dei som forkynner evangeliet, skal leva av evangeliet.
15 Men eg har ikkje nytta nokon av desse rettane. Eg skriv heller ikkje no for å gjera krav på dei. Eg ville heller døy enn at nokon skulle ta frå meg dette som eg er byrg av.
16 For om eg forkynner evangeliet, så er ikkje det noko å rosa seg av; det er eg nøydd til å gjera. Ve meg, om eg ikkje forkynner evangeliet!
17 Gjer eg det friviljug, då har eg krav på løn. Men gjer eg det fordi eg må, då er det ein hushaldars oppgåve som er meg pålagd.
18 Kva er så mi løn? Jau, at eg forkynner evangeliet for inkje og ikkje nyttar dei rettar evangeliet gjev meg.