14 På same måten har Herren fastsett at dei som forkynner evangeliet, skal leva av evangeliet.
15 Men eg har ikkje nytta nokon av desse rettane. Eg skriv heller ikkje no for å gjera krav på dei. Eg ville heller døy enn at nokon skulle ta frå meg dette som eg er byrg av.
16 For om eg forkynner evangeliet, så er ikkje det noko å rosa seg av; det er eg nøydd til å gjera. Ve meg, om eg ikkje forkynner evangeliet!
17 Gjer eg det friviljug, då har eg krav på løn. Men gjer eg det fordi eg må, då er det ein hushaldars oppgåve som er meg pålagd.
18 Kva er så mi løn? Jau, at eg forkynner evangeliet for inkje og ikkje nyttar dei rettar evangeliet gjev meg.
19 Endå eg er fri og ikkje træl for nokon, har eg gjort meg til træl for alle for å vinna så mange som råd.
20 For jødane har eg vore som ein jøde, så eg kan vinna jødar. For dei som er under lova, har eg vore som ein som er under lova, så eg kan vinna dei, endå eg sjølv ikkje er under lova.