17 Gjer eg det friviljug, då har eg krav på løn. Men gjer eg det fordi eg må, då er det ein hushaldars oppgåve som er meg pålagd.
18 Kva er så mi løn? Jau, at eg forkynner evangeliet for inkje og ikkje nyttar dei rettar evangeliet gjev meg.
19 Endå eg er fri og ikkje træl for nokon, har eg gjort meg til træl for alle for å vinna så mange som råd.
20 For jødane har eg vore som ein jøde, så eg kan vinna jødar. For dei som er under lova, har eg vore som ein som er under lova, så eg kan vinna dei, endå eg sjølv ikkje er under lova.
21 For dei som er utan lov, har eg vore som ein som er utan lov, så eg kan vinna dei, endå eg ikkje er utan lov for Gud, men bunden av Kristi lov.
22 For dei veike har eg vorte veik, så eg kan vinna dei veike. For alle har eg vorte alt, så eg i det minste kan frelsa nokre.
23 Men alt gjer eg for evangeliet skuld, så eg kan få del i det.