23 Men alt gjer eg for evangeliet skuld, så eg kan få del i det.
24 Veit de ikkje at på idrettsbanen er alle med og tevlar, men berre ein får sigersprisen. Spring då slik at de vinn prisen!
25 Ein idrettsmann må nekta seg alt. Han gjer det for å vinna ein forgjengeleg krans, men vi ein uforgjengeleg.
26 Så spring eg ikkje utan mål; eg fektar ikkje som den som slår i lause lufta.
27 Men eg er hard med meg sjølv og tvingar kroppen min, så ikkje eg, som har forkynt for andre, sjølv skal verta funnen uverdig.