5 Har ikkje vi òg rett til å ha med oss ei truande kone, liksom dei andre apostlane og Herrens brør og Kefas?
6 Er det berre eg og Barnabas som ikkje har rett til å sleppa å arbeida?
7 Kven er soldat på eigen kostnad? Kven plantar ein vingard utan å få eta av frukta? Eller kven gjæter ein buskap utan å drikka av mjølka frå denne buskapen?
8 Talar eg dette berre ut frå menneskeleg tankegang? Seier ikkje lova det same?
9 I Moselova står det: Du skal ikkje setja muleband på ein okse som treskjer. Men er det oksane Gud har omsut for?
10 Er ikkje dette sagt med tanke på oss? Jau, det er for vår skuld det er skrive. For den som pløyer, skal gjera det med von, og den som treskjer, skal gjera det med von om å få sin del.
11 Har vi sått dei åndelege ting hjå dykk, er det då for mykje om vi haustar dykkar timelege ting?